Eigendelane vert fastsett i reviderte nasjonalbudsjett.
Det er innført ny ordning frå 1. juni med automatisk frikort. Dette betyr at du ikkje lenger treng møte på NAV-kontoret for å få frikort. Frikortet kjem automatisk i posten når du har nådd eigendelstaket.
Meir informasjon om frikort på Helfo sine nettsider.
Innføring av automatisk frikort betyr at det ikkje lenger vil vere mogeleg å avtale etterskuddsbetaling av legetenester. Alt skyldig beløp for 2010 må vere betalt før videre legetilbod i kommunen (unntak for øyeblikkeleg hjelp). Uteståande frå tidlegare år må vere betalt innan 1. september -10. Ordninga vi har hatt med samlefaktura for visse brukarar blir avvikla.
Sjå under for dei mest brukte takstane.
Hugs å avbestille timen innan 24 timar dersom du ikkje kan møte! Manglande oppmøte vert fakturert.